fredag 10. oktober 2008




MITT FJELL

ME-
Mount Everest
Verdas høgaste fjell-8848m
50 år siden den første nådde toppen.
Idag strevar folk framleis med det,
men det er ikkje alle som klarar det.
Til og med vår råsterke, erfarne Liv Arnesen,
måtte gi opp før ho nådde toppen.
Ho seier:
Eg var utmattet og fysisk utsliten,
svimmel,
hadde smerter i heile kroppen og
hjernen fungerte så sakte at eg hadde vanskar
med å ta dei rete avgjerder.

Mount Everest er ikkje mitt fjell.
Eg har andre fjell å klatra.

M.E-
Myalgisk encephalopati
Det er mitt fjell.
Ingen har nokon gang måla høgda på dette fjellet.
Eg og er utmatta og fysisk heilt ut utsliten.
Den minste anstrengelse kostar mykje.
Eg er svimmel,
har smerter i heile kroppen og
hjernen fungerar sakte,

Å gå til toppen av Mount Everest er ei friviljug sak.

MEN
Mitt fjell MÅ eg klatra
kvar time
kvar dag
alle dagar

Kor lang tid tar det før er når toppen?
Å, kor er forresten toppen?




Dikt av; Inger Hovland

Ingen kommentarer: